Hopp til innhold
X
Innhald

Leikanger-presten med stor frukthage

Den første som planta ein større frukthage i Leikanger var prost Niels Norman som var prest der frå 1816 til 1822. Skulehaldar Arne Frekaland samarbeidde med prosten om fruktdyrkinga.

I 1822 skreiv biskop Neumann at Leikanger-presten hadde «en betydelig Indtegt af disse sine Hauges Frugter, der enten selges paa stedet til Opkøbere eller føres lige til Bergen».

Frå byrjinga av 1800-talet er det tydeleg at fruktdyrkinga i Leikanger og Luster tok seg sterkt opp, for då vart det omsett store mengder eple, pære og kirsebær til Bergen frå desse bygdene.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011