Hopp til innhold
X
Innhald

Leikanger Sparebank

Sparebanken Sogn og Fjordane, tidlegare Leikanger Sparebank, på Hermansverk. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane, tidlegare Leikanger Sparebank, på Hermansverk. Foto: Arild Nybø, NRK.

Leikanger Sparebank vart skipa i 1864 etter opptak av amtmann John Collett Falsen og skomakar Hans Schaboe.

I 1872 kjøpte sparebanken det gamle skulehuset frå klokkargarden Holum og sette det opp på Systrond, der banken hadde fått skilt ut eit stykke av den gamle klokkargarden på Halland. Huset vart rive då riksvegen vart bygt i 1938, og sparebanken flytta til leigde kontor i Tinghus I. Der heldt banken til fram til den bygde nytt på Halland i 1962.

I 1985 bygde sparebanken nytt stort forretningsbygg på Hermansverk, og det gamle bygget på Halland vart selt. Leikanger Sparebank gjekk inn i Sparebanken Sogn og Fjordane då denne vart skipa i 1988.

Styret og forstandarskapen i Leikanger Sparebank samla framfor det gamle bankbygget som tidlegare var skulehus. Lengst til venstre står Olav Tveit, som var ordførar på denne tida. Biletet er teke i 1939. Foto: Næss og Co. Eigar: Agnes Palne Vikøren/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.08.2011