Hopp til innhold
X
Innhald

Leikvang Hotell

Den tidlegare hotellbygningen husar no Skald Forlag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare hotellbygningen husar no Skald Forlag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På tvangsauksjonen etter konkursen til Hanna og Peter Johan Fretheim i 1897, kjøpte Arnanda Knutsen hotellet på Hermansverk saman med ei prestedotter frå Lærdal, Henriette Schielderup.

Arnanda Knudsen Schreuder.

Arnanda Knudsen Schreuder.

Arnanda og Henriette stod sjølve føre hotelldrifta på Hermansverk fram til 1902. Då gifta Henriette Schielderup seg med ein vegingeniør og flytta frå bygda. Arnanda Knutsen med støtte frå resten av Knutsen-familien løyste Henriette Schielderup ut og vart eineeigar av hotellet, som no vart kalla Leikvang Hotell.

I 1904 gifta Arnanda seg med handelsreisande Hans Palludan Smith Schreuder frå Bergen og flytta til by'n. Ho leigde bort hotellet på Hermansverk i nokre år til systrene Spangelo frå Lærdal, men selde i 1907 hotellet til bergensaren Gerhard Michael Daae (1868-1933). Han eigde også gjennom arv: Skysstasjonen og handelssetet Sveen i Bygstad. Men Daae vart hotelleigar berre ei kort tid, for i 1910 flytta han til ein annan slektsgard: Kapteinsgarden Måren, og kjøpte denne av broren fire år seinare.

Hotellbygningen på 1890-talet.

Hotellbygningen på 1890-talet.

Ny Knutsen-kvinne tek over hotellet

No var det brordottera til Arnanda Knutsen - Magda Johanne Knutsen (1890-1928) - som tok over Leikvang Hotell. Ho var dotter til den seinare omtala kjøpmannen Albert Knutsen - sjå: Kjøpmanns-greina i familien Knutsen. Hotellet vart no drive som pensjonat fram til det vart lagt ned i 1918. Då kjøpte fabrikkeigar Halvard Drægni bygningen og fleire eigedomar ikring for å byggje ny, stor saftfabrikk. Det gamle hotellet nytta han til kontor og hyblar for tilsette.

Seinare har huset også vorte nytta til bank, frisør, drosjesentral, kiosk og ungdomsklubb. Kommunen kjøpte huset i 1991, men selde eigedomen til Skald Eigedom AS i 2000, som har restaurert bygget i den gamle sveisarstilen. Ein stor del av bygget er sidan nytta som kontor for Skald Forlag.

Les også: Forretningsfamilien Knutsen tek over Hermansverk

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011