Hopp til innhold
X
Innhald

Lem-familien inn på Husabø

I 1647 kjem den belgisk-ætta Lem-slekta inn som eigarar av Husabø-garden med tilliggjande gardar på Systrond.

Denne slekta fekk hovudsetet sitt på Frønningen-godset då dei busette seg i Sogn. I 1647 fekk enkja Mette Lem i Bergen skøyte på garden, og i 1661 vart Nils Pedersøn Lem eigar av heile Husabø.

Kring 1800 vart det meste av garden løyst inn av gardbrukarane, som vart sjølveigande bønder.

Les meir om: kongsgarden på Husabø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2008