Hopp til innhold
X
Innhald

Lerum overtek på Hermansverk

Lerum-fabrikken i 2007, før ombygging til Saften, m.a. med idrettshall. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lerum-fabrikken i 2007, før ombygging til Saften, m.a. med idrettshall. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1982 gjekk Drægni-fabrikken på Hermansverk konkurs og Lerums Saftfabrikk kjøpte anlegget for 3,2 millionar kroner.

Avtale med Pepsi

I 1990 la Lerum ned syltetøyproduksjonen ved fabrikken på Hermansverk, og gjekk over til produksjon av brus og juice. Anlegget vart utvida og modernisert for 40 millionar kroner i 1991.

Avtale med Pepsi

Lerum hadde i 1989 sikra seg avtale som norsk produsent for Pepsi. Anlegget på Hermansverk vart etter kort tid for lite, og i 1993 opna Lerum-konsernet ny fabrikk på Kaupangerskogen. I 1998 vart produksjonen på Hermansverk lagd ned. Sidan har lokala delvis vorte nytta som lager av Lerum-konsernet. I 2006 gjorde Leikanger kommune avtale om å overta ein tredjepart av bygget for å byggje det om til kulturhus og fleirbrukshall for idretten i bygda. Sogn Avis flytta også inn i bygget.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.01.2016