Hopp til innhold
X
Innhald

L/L Brødrene Grinde landhandel

L/L Brødrene Grinde landhandel på Grinde vart starta i 1938.

L/L Brødrene Grinde landhandel på Grinde vart starta i 1938.

Jon Teigen og Ola L. Grinde hadde starta handel i Balestrand, men då Teigen etter to år trekte seg ut, vart forretninga flytta til Grinde, som då var det vestlege endepunktet for riksvegen frå Sogndal.

Gaularfjellsvegen var opna same året, og bilferga som vart sett inn mellom Vetlefjorden og Grinde, gjorde Grinde til eit trafikknutepunkt fram til ferjestrekninga vart nedkorta til Hella-Dragsvik i 1956.

L/ L Brødrene Grinde flytta i 1951 inn i nybygg på ferjekaia. Her var det også kafé og pensjonat sommarstid.

Frukt og camping

Ola L. Grinde dreiv også stort med fruktsal m.a. frå eigen bil i etterkrigsåra, og han bygde også campingplass på Vangsnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011