Hopp til innhold
X
Innhald

Magne Bøtun

Magne Bøtun var ein av skiparane av fylkeslag av SF. Privat foto.

Magne Bøtun var ein av skiparane av fylkeslag av SF. Privat foto.

Magne Bøtun (1913-1977) Fødd i Øvre Eiker, oppvaksen i Oslo, busett i Leikanger. Jurist og SV-politikar.

Cand. jur. 1947. Bøtun arbeidde som revisor i Oslo før han i 1950 vart tilsett hos fylkesskattesjefen i Sogn og Fjordane.

Han vart seinare tilsett som jurist hos skuledirektøren. Bøtun skipa i 1965 fylkesavdelinga av Sosialistisk Folkeparti (som seinare gjekk inn i SV) saman med Magne Fagerheim frå Dale

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.02.2010