Hopp til innhold
X
Innhald

Mange kyrkjer i mellomalderen

I løa til Endre Gjerde ligg ein stokk der det er skore inn ”Ano 1194”. Bestefaren hans fortel at då kyrkja på Njøs vart riven vart materialen fordelt på bøndene.  Dette kan tyde på at kyrkja  var bygd i 1194. Foto frå ”Systrendingen”.

I løa til Endre Gjerde ligg ein stokk der det er skore inn ”Ano 1194”. Bestefaren hans fortel at då kyrkja på Njøs vart riven vart materialen fordelt på bøndene. Dette kan tyde på at kyrkja var bygd i 1194. Foto frå ”Systrendingen”.

Utanom den store steinkyrkja som i dag er soknekyrkje, låg det i mellomalderen tre andre kyrkjer i bygda – på Njøs, Henjum og Hamre. Alle desse var stavkyrkjer.

Kyrkja på Henjum

Kyrkjetufta og kyrkjegarden på garden Henjum kunne påvisast så seint som kring 1900, og framleis vert eit område i tunet kalla «Kyrkjegarden». Denne kyrkja var til nedfalls på 1500-talet, og truleg lagt ned kring 1570.

Kyrkja på Njøs

På Njøs har ein datert beinrestar frå kyrkjegarden til før 1100, og kyrkjemuren kom til syne ved pløying i 1993. Njøs-kyrkja er nemnt i skriftlege kjelder frå 1306, og låg der Byglagarden no ligg. På Stoppelshaugen like ved stod klokkestøpulen (Stoppelen). Njøs-kyrkja hadde eigen prest som truleg også gjorde teneste i kyrkja på Henjum. Kyrkja på Njøs kom ut av bruk i første halvdel av 1600-talet.

På Hamre har det vore kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Hamre har det vore kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kyrkja på Hamre

Kyrkja på Hamre med tilhøyrande prestegard lengst vest i bygda, vert nemnt første gong i 1360. Også her kunne ein lenge sjå merke etter kyrkjetufta i marka nedanfor gardshusa. Hamrekyrkja kom ut av bruk i siste halvdel av 1500–talet.

Sjå også: Offersteinar i Leikanger.

Segn om Valbrekka-kyrkja

Også på den 100 meter høge knausen Valbrekka vest for Leikanger går det segner om ei kyrkje, men her finst ingen skriftleg dokumentasjon. Det er meir truleg at det har stått ei bygdeborg frå folkevandringstida på staden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011