Hopp til innhold
X
Innhald

Meieri og smørlag i Leikanger

Leikanger Meieri heldt til i fryyr huset. © Fylkesarkivet.

Leikanger Meieri heldt til i fryyr huset. © Fylkesarkivet.

Utbygging av meieri var på slutten av 1800-talet avgjerande for moderniseringa av det norske landbruket ved omlegging frå naturlahushald til pengehushald: Gjennom meieria fekk bøndene omsett smør og ost. Såleis fekk dei inntekter til innkjøp av moderne maskiner og til nye driftsbygningar.

Norges Vel fekk i gang det første norske meieriet på Tolga i Østerdalen i 1855, og i 1874 vart dei to første meieria i Sogn og Fjordane starta i Vik (Vik Meieri) og på Hafslo - sjå: Meieria i Luster.

Meierimeisteren

Norges Vel tilsette meierimeistrar som reiste som rettleiarar og «misjonærar» for meierisaka. På Vestlandet kom den første i 1881, og frå 1893 budde meierimeister Kristian Ihlen på Leikanger. Som meierimeister organiserte han lokale meierilag og planla mange av dei nye meieria som vart bygde i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal kring 1900. I Sogn og Fjordane vart det frå 1895 til 1905 bygt i alt 165 meieri!

Leikanger Meieri

Skipa i 1892. Meieriet var ikkje i drift i meir enn 15 år.

Systrand Meieri

vart bygt av eit lutlag i 1898. Meiriet låg ved Henjaelva på Hermansverk og hadde tre tilsette på det meste. Nokre av maskinane vart drivne med dampkraft. Meieriet var i drift til 1904.

Også i Eitorn vart det ein kort periode på 1890-talet drive eit lite meieri som hadde tilsett to meiersker. Huset vart i 1908 kjøpt av ungdomslaget og brukt nokre år som badstove - sjå: Badstove på Eitorn.

Smørlag

Etter at meieridrifta tok slutt, var det mange som leverte smøret til handelsmann Olaf Knutsen (sjå: Kjøpmanns-greina i familien Knutsen) på Hermansverk, som selde det vidare i Bergen. Bøndene fekk oppgjer både i pengar og varer på butikken.

I kriseåra for norsk jordbruk i mellomkrigstida dukka «smørlaga» opp. I alt var det 79 slike smørlag i Sogn og Fjordane, og desse organiserte vidaresalet av smør og andre heimelaga mjølkeprodukt. Det vart på denne tida arbeidd for å starte eit nytt meieri på Leikanger, men dette vart detv ikkje noko av.

I staden vart Systrond smørlag skipa i 1936 med 48 medlemer. Det leigde lagerplass i Sognefjord Sardine Co. A/S sin tidlegare fabrikk ved kaia på Hanehaug og heldt til der til 1940. Andreas Høyum tok imot og vog inn det heimekinna smøret, som vart selt vidare til Bergen.

Mjølkebil til Sogndal

Statstilskotet som vart ytt til smørlaga, fall bort etter kvart som vegane vart utbygde. I 1937 opna vegen Leikanger - Sogndal, og Olav Grinde starta mjølkebilrute frå Leikanger til meieriet i Sogndal. Smørlaget på Systrond vart lagt ned i 1952.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011