Hopp til innhold
X
Innhald

Melås AS

Per Steinar Melås. Foto: Sondre Dalaker, NRK.

Per Steinar Melås. Foto: Sondre Dalaker, NRK.

Melås AS vart starta i 2005 av Per Steinar Melås. Selskapet driv med individuelle butilbod, avlastingstilbod, arbeidstreningsplassar og institusjonsdrift for ressurskrevjande personar.

I 2011 var talet på tilsette oppe i 72 i Melås AS, som har aktivitet i Årdal og Bremanger i tillegg til Leikanger. Selskapet har m.a. kjøpt det tidlegare avishuset til Sogn Avis på Hanehaug.

Melås AS har kjøpt det tidlegare avisbygget på Hanehaug. Foto: Arild Nybø, NRK.

Melås AS har kjøpt det tidlegare avisbygget på Hanehaug. Foto: Arild Nybø, NRK.

Flytting til Årdal

I 2013 vart det avgjort at hovudkontoret blir flytta til Årdal, der det i startfasen blir vel 30 arbeidsplassar. I 2013 er det i alt 140 tilsette i Melås AS, og i 2012 omsette selskapet for vel 70 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016