Hopp til innhold
X
Innhald

Meteoritten i Leikanger-fjella

Meteoritten som vart funnen ved Myrdalsbréen er no på Naturhistorisk Muséum i Oslo. Foto: Per Aas, Naturhistorisk Muséum UIO.

Meteoritten som vart funnen ved Myrdalsbréen er no på Naturhistorisk Muséum i Oslo. Foto: Per Aas, Naturhistorisk Muséum UIO.

I juli 1978 fann ekteparet Liv og Knut Eldholm ein underleg stein ved foten av Myrdalsbreen 1.430 meter o.h. Då den vel 1,5 kilo tunge steinen vart granska av Mineralogisk Geologisk museum i Oslo, viste det seg at det var ein meteorittstein som hadde falle ned frå verdsromet.

I 1942 såg folk i Leikanger store eldkuler på himmelen, og ein teori er at meteoritten ved Myrdalsbreeen kan ha falle ned då. Meteoritten er teken var på ved museet i Oslo, og ekteparet som fann steinen, har fått ein kopi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011