Hopp til innhold
X
Innhald

Milorg-opprulling, tortur og drap

Frå gravferda til Olav Rise i Leikanger i 1945. Gravfylgjet passerer butikken der Rise arbeidde. Ukjend fotograf.

Frå gravferda til Olav Rise i Leikanger i 1945. Gravfylgjet passerer butikken der Rise arbeidde. Ukjend fotograf.

På førjulsvinteren 1944 kom Linge-mannen Ragnar Ulstein til Sogn og Fjordane for å byggje opp Milorg-grupper i fylket. Han sette kameraten Harald Svindseth til å byggje opp Milorggruppa «Snowflake» i Ålfotfjella i Nordfjord, og tok sjølv leiinga for gruppa «Siskin», som heldt til i Sogndalsdalen.

Handelsbetjent Olav Rise på Leikanger vart ei sentral kontakt for Ulstein. Olav Rise tok imot og lagra mykje våpen på butikklageret, og fleire viktige møte mellom Ulstein og andre motstandsfolk gjekk føre seg i heimen til Rise.

Dette siste kom til å spele ei viktig rolle då Milorg sprakk i Høyanger og heile fylkesorganisasjonen vart rulla opp i februar 1945. Gestapo-sjef Helmut Klötzer fekk vite kor sentral Olav Rise hadde vore i nettverket. Rise vart arrestert den 6. februar og etter ni dagar i harde forhøyr og grov tortur, døydde Olav Rise.

Ein annan som vart så ille medfaren under tortur at han seinare døydde av det, var prisinspektør Hans Faleide frå Leikanger. Han hadde fungert som kurér mellom Milorg-gruppene kringom i fylket og vart brutalt pumpa for opplysningar, og Faleide døydde like etter krigen av skadane som han hadde fått under torturen.

Fleire andre motstandsfolk på Leikanger vart arresterte i dagane etter at Gestapo drog med Olav Rise.

Olav Rise er gravlagd ved inngangen til kyrkja på Leikanger. Minnesmerket til både Olav Rise og Anders Eggum som fall i krigen, er prydde med eit norsk flagg.

Minnesmerket som vart reist over Olav Rise ved Leikanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesmerket som vart reist over Olav Rise ved Leikanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anders Eggum som fall i 1940 har og fått sitt minnesmerke ved Leikanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anders Eggum som fall i 1940 har og fått sitt minnesmerke ved Leikanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les meir om krigshistoria i Leikanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2011