Hopp til innhold
X
Innhald

Moderne ulvejakt i Leikanger-fjella

Hausten 2001 vart ein streifande ulv observert i fjella aust for Lustrafjorden. Nokre dagar seinare hadde det same rovdyret kome til Leikanger-fjella.

Bjarne Sjøtun observerte den vaksne ulven på kort hald ved fjellet Kjeringi. Saueeigarane ottast at villdyret kunne gjere skade, og fekk løyve til jakt.

Men før nokon nådde å sikte på ulven, stakk den av. Den vart sist observert då den kryssa Sogndalsfjorden ved Fimreite, og truleg har dyret kome seg vidare austover og ut av fylket.

Ein av sauene som vart drepen av ulven i Sogn i 2001. Foto frå TV-reportasje, NRK.

Ein av sauene som vart drepen av ulven i Sogn i 2001. Foto frå TV-reportasje, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011