Hopp til innhold
X
Innhald

Nazistane i Leikanger

Nazistane skifta etter kvart ut både folkevalde og tenestemenn i den norske forvaltninga med sine eigne folk.

Nazistane skifta etter kvart ut både folkevalde og tenestemenn i den norske forvaltninga med sine eigne folk.

Farlege nazistar

Ein av dei farlegaste nazistane i Sogn og Fjordane var Adolf Tårneby, som vart sett inn i stillinga som fylkesrevisor i mai 1941. Både han og ektemaken Ingeborg var ihuga og aktive nazistar og angjevarar som spela ei sentral rolle i fleire arrestasjonssaker i og kring Leikanger. Sonen deira vart frontkjempar på den tyske Austfronten, og dottera var tolk for tyskarane.

NS-annonsen i avisa Sogn og Fjordane.

NS-annonsen i avisa Sogn og Fjordane.

Adolf Tårneby vart NS-lagførar på Leikanger og sette opp ei liste med namn over folk som han mistenkte for å drive motstandsarbeid. Mellom desse var Olav Rise og Hans Faleide, som begge døydde etter Gestapo-arrestasjon i 1945 (sjå: Milorg-opprulling, tortur og drap). Både Adolf og Ingeborg Tårneby fekk etter krigen fengselsstraffer for landssvik.

Fylkesmann Seip avsett

Den 25. juli 1941 vart fylkesmann i Sogn og Fjordane, Hans Seip, avsett av nazistane. Han hadde ved fleire høve vist forakt for okkupasjonsmakta - m.a. på fylkestinget som vart halde i Fjærland 9. juni 1941. Her leia nazistane sin fylkesordførar Johan Arntzen møtet, der fylkesmann Seip sette seg imot å sende hyllingstelegram til Vidkun Quisling.

NS-mannen Vidar Atne avløyste Hans Seip som fylkesmann. Han hadde vore fylkesskattesjef i Oppland før han vart fylkesmann i Sogn og Fjordane. 1. juli 1944 vart Atne avløyst som nazi-fylkesmann av oberst Konrad Sundlo. Etter krigen fekk Atne fem års tvangsarbeid, vart frådømd stillinga i Oppland, tapte borgarrettar i 10 år og betalte 5.000 kroner i bot. Sundlo vart dømd til fengsel på livstid og tap av ålmen tillit for alltid. Han vart også frådømd stillinga som oberst og måtte betale 30.000 kroner i bot.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2011