Hopp til innhold
X
Innhald

Nils J. Røysum

© Skald Forlag.

© Skald Forlag.

Nils Johnson Røysum (1854-1949) frå Hermansverk. Bonde og landskjend bjørnejeger.

Selfangst

Reiste frå han var 18 år i tre sesongar på selfangst i Ishavet, der han på det beste skaut 360 selar på ein dag. Han skaut også ei mengd isbjørnar på ishavsekspedisjonane.

Jakta brunbjørn

Seinare vart han ein landskjend bjørnejeger som til saman felte 46 bjørnar. Han jakta mykje saman med broren Elling Røysum.

Bjørnejeger Nils Røysum (t.h) vert interjua - truleg av NRK-reporter John Dugstad i 1942.

Bjørnejeger Nils Røysum (t.h) vert interjua - truleg av NRK-reporter John Dugstad i 1942.

Slagbjørnen drap folk

Ei jakt på den såkalla «styggebjørnen» i Balestrand i 1881 enda tragisk med at ein jaktkamerat, Torleif Dale, vart drepen.

Under Rovdyrsoger frå Leikanger kan du lese Røysum si eiga skildring av hans første bjørnejakt i Leikanger-fjella, sjå artikkelen Bjørnejegeren frå Røysum.

Skalle og labbar frå bjørnar som Nils Røysum har skote. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Skalle og labbar frå bjørnar som Nils Røysum har skote. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

16 rein på to minutt

At Røysum var ein dyktig skyttar, fortel ein soge frå reinsdyrjakt i Lærdalsfjella om: Her skaut han ein gong 16 reinsdyr på under to minutt. I tillegg til gardsdrift og jakt, dreiv Røysum med skinnhandel.

Bok om Røysum

I 1912 vart det på J. M. Stenersen & Co. s Forlag gjeve ut ei bok om bjørnejegeren Nils Røysum sine opplevingar, skriven av Valentin Voss. Den kom i nytt opplag på Skald Forlag i 1999.

Gamlestova og stabburet på Røysum. På stabbursveggen heng nokre av jakttroféa til Nils J. Røysum. Framfor stova står frå venstre Nils J. Røysum, Anders N. Røysum, Nils A. Røysum og Arthur Røysum. Ukjend fotograf. Eigar: Arthur Røysum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 10.08.2011