Hopp til innhold
X
Innhald

Offersteinar i Leikanger

Offersteinen ved Kvålen

Folkeminnegranskaren og den seinare så kjende politikaren Kjell Bondevik minnest ein stein i utmarka ved garden Kvålen som vart kalla «Offersteinen».

Sjølv hugsar Bondevik at han som smågut i 1908 la ein neve blåbær på offersteinen når han vende heim frå bærsanking! Regelen var at den som hadde funne mest, skulle ofre mest. Gjorde ein ikkje det, kunne ein snuble i den steinete vegen ned til gards og slå ut dei sanka bæra. Difor sikra gutungen Kjell Bondevik seg ved å leggje att nokre bær på steinen.

Offersteinar på Hamre

På garden Hamre fanst det tidlegare to store, flate steinar med nokre groper i. Segna ville ha det til at dei hadde vore brukte i den gamle stavkyrkja på garden - sjå: Mange kyrkjer i mellomalderen. Men mest truleg har dette vore offersteinar - gropesteinar - som var vanlege å nytte til ofring i heidensk tid. I gropene la ein mat og ymse andre offergåver til gudane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.11.2008