Hopp til innhold
X
Innhald

Ola A. Vestrheim

Ola A. Vestrheim fødd 1925 frå Eitorn. Bonde og Høgre-politikar. Ordførar i Leikanger 1980-1984 og 1987-1991. Formann i Sogn Laksestyre 1972-1980, og formann i Sogn Samferdslenemnd i åtte år.

Han har vore aktiv i kulturlivet i bygda - m.a. ein sentral person i Leikanger Mannskor og Palmerevyen og deira årlege «Palmerevyar», og var også leiar i Sogn Songarlag i fire år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011