Hopp til innhold
Olaf Huseby.
Olaf Huseby.
X
Innhald

Olaf Huseby

Olaf Huseby, sogning og stridsmann, kremmar og idealist, radikal bokhandlar og forleggjar, først i Kristiania, så i Amerika. Han var impulsiv og initiativrik, men ikkje heilt enkel å samarbeide med.

Huseby var fødd i Leikanger 12. desember 1856 og døydde i Hillsdale, Michigan, USA 3. oktober 1942. Etter folkehøgskule i Sogndal og lærareksamen frå Stord 1875 blei han lærar i Brevik. I 1879 reiste han til Kristiania for å arbeide i bokhandlarfaget. Etter eit par «vandreår» utanlands starta Huseby den første ”venstrebokhandelen” i hovudstaden saman med Olaf Norli i 1883. Seinare dreiv han eigen forlagsbokhandel i Kristiania fram til 1903, da han emigrerte til USA.
 
Huseby gav namn til og starta opp tidsskriftet Kringsjaa saman med unitarpresten H. Tambs Lyche, sette i gang billegbokserien «Bibliothek for de tusen hjem» saman med grosserar J. Sørensen og gav ut kontroversielle bøker som Chr. Krohgs Albertine. Den største salssuksessen og den viktigaste innsatsen for målrørsla var ei utgåve av Landstads Kirkesalmebog med Blix’ Nokre Salmar som tillegg (1894), i alt trykt i 200 000 eksemplar.
 
Kjelder
Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Biografi. Oslo 2008
Olaf Huseby: «Attersyn og kringsjå. Halv hundrad års minnestubbar», i Olaf Norli. Et festskrift. Oslo 1933
Hermund Kleppa: «Huseby, Olaf», Norsk biografisk leksikon, bd.  4. Oslo 2001
Hermund Kleppa: «Huseby-utgåva av Landstad salmebok», Kjelda (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) nr. 2/2006
Hermund Kleppa: «Olaf Huseby 1856–1942», Kjelda nr. 2/2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 01.08.2018