Hopp til innhold
X
Innhald

Olaf Huseby

Olaf Huseby.

Olaf Huseby.

Olaf Huseby (fødenamn Husebø) (1856-1942) frå Systrond, busett i Oslo og Amerika. Utgjevar og forleggjar.

Utdanna lærar 1875. Lærar i Brevik 1876-1879, men fekk deretter ikkje fast stilling fordi han var medarbeidar i ei radikal avis. Arbeidde frå 1879 i forleggjarbransjen, m.a. studerte han faget i Tyskland og England frå 1881 til 1883. Starta i 1883 «Olaf Huseby & Olaf Olsen Boghandel» i Oslo saman med Olaf Olsen Norli. Dette var ein venstreradikal bokhandel der m.a. Amalie Skram og Arne Garborg fekk gjeve ut bøker.

Medan Olaf Norli studerte i Paris 1885-1890, dreiv Huseby bokhandelen åleine. Då Norli kom tilbake, braut Huseby samarbeidet og dreiv for seg sjølv ei tid. M.a. gav han ut ei salmebok med dei omstridde nynorsk-salmane til Elias Blix.

I 1903 utvandra Huseby til Amerika og starta eige forlag i Minneapolis, og vart redaktør for sitt eige blad - «Den Nye Heimen». Seinare flytta han til Morris i Minnesota, der han gav ut ei dagsavis og eit vekeblad. Han gav fram til 1935 m.a. ut dei samla verka til Henrik Ibsen, Bjørnstierne Bjørnson, Alexander Kielland og Jonas Lie. Han freista også å samle og gje ut den norske utvandrarhistoria i 1912, men arbeidet vart ikkje fullført.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021