Faktaboks

Olav Rusti
Fødd
29. mars 1850, Vanylven, Møre og Romsdal
Død
3. februar 1920, Bergen
Verke
Tegner og maler
Familie

Foreldre: Lærer Abraham Rusten og Antoinette Marie Grundtvig Olsen.

Gift 1893 i Leikanger med maler Frida Hoeck (19.4.1861–24.7.1963), datter av hotelleier Christian Hoeck og hotellvertinne Fridrike Geisendörfer.

Generalinne Fredrikke Gram, født Stabell

Malriet av Fredrikke Gram er eit av dei finaste norske portretta frå denne tida, og speglar dessutan Rustis store beundring for Hans Holbein. 1877.

Olav Rusti var teiknar, målar og målmann, busett i Tyskland i nesten tjue år, halvparten av denne tida levde han tilbaketrekt i eit nedlagt kloster.

Olav Rusti var elev ved Eckersbergs målarskule i Kristiania i 1867 og ved akademiet i København 1869–1871. Sommaren 1870 reiste han rundt på Austlandet og laga teikningar av bondeinteriør og andre nasjonalromantiske motiv. I 1870-åra studerte han ved kunstakademiet i München. Bileta hans frå denne tida har ofte realistiske kvardagsmotiv, som måleriet «Kone med katt».

Seinare vart Rusti særleg kjend for portrettkunsten sin, både som målar og teiknar. Eit av meisterverka hans er det koloristiske måleriet av «Generalinne Fredrikke Gram», som heng på Nasjonalgalleriet. Eit av portretta han teikna med blyant og kol, er av Ivar Aasen.

I 1895 flytta han og kona, målarinna Frida Hoeck Rusti, til Bergen og huset Urdi. Ekteparet var sosiale menneske, og dei gjorde heimen sin til eit samlingspunkt for kunstnarar av mange slag. Her dreiv Rusti målarskule, og her vart den første landskappleiken for hardingfele arrangert.

I Bergen engasjerte Rusti seg i målsak og bygdekultur. Frå 1896 til han døydde sat han i styret for Vestmannalaget.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Knut Ormhaug: «Olav Rusti», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003
  • Kjell Røysum: «Frida Hoeck Rusti», Lokalhistorie frå Sogn

Faktaboks

Olav Rusti
Historisk befolkingsregister-ID
pf01038180000361

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg