Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Rise

Olav Rise (1899-1945) frå Leikanger. Handelsbetjent ved butikken til Jordal Eftf. på Hanehaug og sentral kontaktmann då Linge-mannen Ragnar Ulstein kom til Sogn i 1944 for å byggje opp Milorg i Sogn og Fjordane.

Rise tok imot og gøymde mykje våpen i butikken ved kaia, og heimen hans vart brukt av Ulstein til møterom med andre aktuelle motstandsfolk. Her møtte Ulstein m.a. Harald Dale og Trygve Sæbø frå Høyanger. Då dei to vart arresterte, vart dei etter grov tortur pressa til å gje opplysningar som leia mot indre Sogn og Olav Rise.

Rise vart arrestert av Gestapo-leiaren Helmut Klötzer den 6. februar 1945, og etter svært grov tortur døydde han 15. februar 1945 - sjå: Opprullinga av Milorg.

Rise vart funnen i ei massegrav ved Bergen like etter krigen og vart gravlagd ved inngangen til Leikanger-kyrkja.

Frå gravferda til Olav Rise i 1945. Han døydde i Bergen etter grov tortur i februar det siste krigsåret. Då krigen var slutt vart leivningane hans henta heim til Leikanger. Her passerer kista hans butikken der han arbeidde på Hanehaug. Ukjend fotograf. Eigar: Svein Haugen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 03.08.2011