Hopp til innhold
X
Innhald

Olsens Hotell

Leikanger Fjord Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger Fjord Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olsens Hotell på Hanehaug vart starta i 1902 av Jan Gjøvåg Olsen (1850-1920) frå Hordaland, men var tufta på det gamle gjestgiveriet som hadde vore drive ved den gamle skysstasjonen og handelsstaden på Hanehaug heilt sidan 1600-talet. Les meir om forhistoria til hotellet: Hanehaug

Hotell frå 1902

Jan Gjøvåg Olsen kom til Leikanger som bakar. Han tok over gjestgiveriet frå Brun-familien i 1883 og gjorde det om til hotell i 1902.

Slik såg det ut på Hanehaug rundt 1900. Olsens Hotell er den kvite bygningen til høgre i biletet. Ukjend fotograf. Eigar: Jan Erik Lie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Slik såg det ut på Hanehaug rundt 1900. Olsens Hotell er den kvite bygningen til høgre i biletet. Ukjend fotograf. Eigar: Jan Erik Lie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Spionar med attentatplanar mot keisaren

Det var på Olsens Hotell at det den 11. august 1911 small tre revolvarskot, og ein fann den mystiske Romania-fødde ingeniøren Louis Assmus, kona hans og hennar 12 år gamle son døde på eit gjesterom.

Ein teori går ut på at dei var dei komne til Sogn for å ta livet av keisar Wilhelm, og hadde mislukkast slik at dei tok sine eigne liv.

Turistar kosar seg i varm sommarsol og med utsikt over Sognefjorden på Leikanger Hotell. Foto: K. Harstad Kunstforlag. Eigar: Jan Erik Lie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Turistar kosar seg i varm sommarsol og med utsikt over Sognefjorden på Leikanger Hotell. Foto: K. Harstad Kunstforlag. Eigar: Jan Erik Lie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bakar overtek

I 1920 kjøpte bakar Gustav Reinhard Lie frå Haugen i Eid og kona Cecilie hotellet og kalla det Leikanger Hotell. Det brann ned til grunnen i 1926. Nytt hotell stod ferdig i 1928 med 35 senger, og er den eldste fløyen på noverande hotellanlegg. Bakeriet med utsal fekk no plass på baksida av hotellet. Frå hotellbakeriet vart det i invasjonsdagane i april 1940 sendt brød til dei norske styrkane i Valdres.

Bygningen frå 1960 og den lafta tømmerhytta frå 1962. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygningen frå 1960 og den lafta tømmerhytta frå 1962. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jan Erik Lie. Foto: Henning Rivedal.

Jan Erik Lie. Foto: Henning Rivedal.

Hotellutvidingar

I 1960 vart det bygt ny matsal og i 1962 ei lafta tømmerhytte mot sjøen der det var fem gjesterom. I 1965 overtok sonen Jomar Lie hotelldrifta og bygde stor gjesteromsfløy med møtesalar i 1973. Etter utvidinga hadde hotellet 50 gjesterom.

Leikanger Fjord Hotel

Frå 1985 har sonen til Jomar Lie, Jan Erik Lie, drive hotellet. Namnet på hotellet er endra til Leikanger Fjord Hotel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011