Hopp til innhold
X
Innhald

Ordførarar i Leikanger kommune

Ordførarar i Leikanger kommune frå 1838 til i dag.

galleri

Balestrand kommune vart frådelt frå Leikanger i 1849, og sørsidebygdene Frønningen, Feios, Borlaug og Fresvik vart frådelte til Vik i 1992. Nokre av ordførarane kan difor ha heimeadresse i desse bygdene.

  • Oberstløytnant Christian Gahrup Meidell 1838-1839
  • Godseigar Søren Lem 1840-1843
  • Kjøpmann Herman Brun 1844-1847 og 1849-1851
  • Sokneprest Harald Ulrik Sverdrup 1848-1849
  • Kjøpmann Hans Johannes Brun 1852-1853
  • Sokneprest Johan David Haslund 1854-1857
  • Bonde Sjur Sæterlid 1858-1868
  • Godseigar Hans Lem 1868
  • Kjøpmann Johan Herman Brun 1868-1869
  • Bonde Nils J. Njøs 1870-1873
  • Bonde Lars M. Husabø 1874-1881 og 1902-1907
  • Folkehøgskulestyrar og prest Jakob Liv Rosted Sverdrup 1882-1884
  • Bonde Jakob Bøthun 1885-1901
  • Lærar Nils Tjønn 1908-1916
  • Bonde Hans N. Grinde 1917-1919 og 1923-1934
  • Bankkasserar Hans Fleche 1920-1922
  • Kjøpmann Knut Jordal 1922
  • Skulestyrar Olav Tveit, Venstre, 1935-1951 (under andre verdskrig vart Hans Fosshagen, Bondepartiet, innsett som ordførar, sjå oversikt over ordførarar og varaordførarar i fylket under andre verdskrig)
  • Lærar Per H. Bøthun, Venstre, 1952-1957
  • Bonde Hans Husabø, Venstre, 1958-1961
  • Lærar Leiv Loen, Venstre, 1962-1963
  • Revisor Arne Grepstad, Venstre, 1964-1975
  • Fylkesarbeidssjef Olav Straume, Kristeleg folkeparti, 1975
  • Overingeniør Lars Lefdal, Høgre, 1976-1977
  • Butikkmann Kåre Næss, Kristeleg folkeparti, 1978-1979
  • Gardbrukar Ola A. Vestrheim, Høgre, 1980-1983 og 1988-1991
  • Kontorfunksjonær Erling Olsen, Arbeidarpartiet, 1984-1987
  • HVPU-koordinator Kjell Helleland, Arbeidarpartiet, 1992-1993
  • Vernepleiar Åsta Magni Hauge, Arbeidarpartiet, 1994-1995
  • Miljøvernsjef Nils Erling Yndesdal, Venstre, 1996-1999
  • Spesialkonsulent Rolf Nesheim, Venstre, 2000-2003
  • Maskinførar Olav Lunden, Arbeidarpartiet, 2003-2015
  • Tilsett i Difi Jon Håkon Odd, Arbeidarpartiet, 2015-

Andre kommunesider:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2017