Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Leikanger

Postbilar klare til å køyre ut posten på Hanehaug i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postbilar klare til å køyre ut posten på Hanehaug i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første postkontoret på Hanehaug

Den første rodde postruta på Sognefjorden kom i stand mellom Leirvik og Frønningen i 1836. Denne hadde stopp m.a. på dei mellomliggjande skysstasjonane i Flesje ved Balestrand og på Hanehaug, der det første offisielle postopneriet vart skipa i 1841 med landhandlar Herman Brun som styrar. Fram til 1886 vart postadressa skriven «Leganger i Sogn», frå 1886 «Lekanger», og frå 1889 har det vore «Leikanger».

I 1973 vart Leikanger underpostkontor, og frå 1977 postkontor C. Postkontoret på Hanehaug vart lagt ned i 1997, men frå same tid bytte postkontoret på Hermansverk namn til Leikanger.

Leganger i Sogn

– sjå Første postkontoret på Hanehaug.

Lekanger

– sjå Første postkontoret på Hanehaug.

Leikanger

– sjå Første postkontoret på Hanehaug.

Hermansverk fekk postkontor i 1904. Dette biletet er teke på 1950-talet. Foto: K. Harstad Kunstforlag. Eigar: Jan Erik Lie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hermansverk fekk postkontor i 1904. Dette biletet er teke på 1950-talet. Foto: K. Harstad Kunstforlag. Eigar: Jan Erik Lie/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hermansverk

fekk eige postopneri i 1904 med gardbrukar Bottolf K. Hermansværk som første styrar. Truleg vart namnet på kontoret endra til Hermannsverk like etter endringa av rettskrivingsreglane i 1918. I 1973 endra kontoret status til underpostkontor og i 1974 til såkalla postkontor B. Så vart det postkontor C i 1979. Postkontoret endra namn til «Leikanger» i 1997, samstundes med at postkonoret på Hanehaug/Leikanger vart lagt ned.

I 2001 vart Hermansverk lagt ned som eige postkontor og posttenesta overført til såkalla post-i-butikk ved KIWI-butikken på Hermansverk (sjå Kristoffer Kristofferson Aarskog).

Frå 2001 har folk i Leikanger fått utført posttenestene sine i KIWI-butikken i Aarskogbygget på Hermansverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 2001 har folk i Leikanger fått utført posttenestene sine i KIWI-butikken i Aarskogbygget på Hermansverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eitorn

fekk brevhus i 1905 med Ole H. Eithungjerde som første poststyrar. I 1907 vart brevhuset omgjort til postopneri, og i 1965 lagt ned og innordna under Leikanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.08.2011