Hopp til innhold
X
Innhald

Problemvegen under Fatlaberget

Fatlaberget med Njøs til venstre sett frå Feios. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fatlaberget med Njøs til venstre sett frå Feios. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger fekk vegutløysing til Sogndal i 1937, etter at det hadde vore reist krav om vegsamband austover med jamne mellomrom sidan 1910. Vegen var broten fram til Slinde frå austsida i 1933, og i 1935 vart det sett inn 50 mann på dei siste kilometrane framom det stupbratte Fatlaberget. På opningsdagen var det stor folkefest på Hermansverk: 22 bilar køyrde i kortesje frå Sogndal til Hermansverk, og tilbake til Hofslund Hotell i Sogndal med festmiddag for 150 gjestar.

Eit arbeidslag på vegen gjennom Fatlaberget i 1935: Frå v. Hauglum (bas), Bjørnethun, Nils Menes, Sigurd Lund, Søren Opthun, Kristian Lerum og Samuel Nes. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stor rasfare

Vegen framover Fatlaberget har vore ein av dei mest rasfarlege riksvegstrekningane i Sogn og Fjordane, og fleire gonger har det vore nære på-hendingar. I oktober 2007 enda det med tragedie: Ei ung kvinne omkom då ein stein råka bilen hennar.

Eitt av dei mange rasa som gjekk på vegen i Fatlaberget før det vart bygt tunnel. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Eitt av dei mange rasa som gjekk på vegen i Fatlaberget før det vart bygt tunnel. Foto frå tv-reportasje, NRK.

To rassikringstunnelar

Også i Stedjeberget mellom Fardal og Sogndal har det gått fleire store ras. Litt av denne strekninga vart sikra med overbygg, men dette viste seg ikkje å vere nok til at vegen vart trygg for ras. I mai 2007 opna ein 2100 meter lang tunnel gjennom Stedjeberget, og hausten 2008 opna den 2300 meter lange tunnelen gjennom Fatlaberget. Rassikringa med tunnelar, bruer og nye vegar kosta til saman over 330 millionar kroner. Arbeidet vart delvis finansiert med bompengar.

Fjellrensk i Fatlaberget. Foto: Arne Eithun, NRK.

Fjellrensk i Fatlaberget. Foto: Arne Eithun, NRK.

Stedjebergtunnelen vart opna i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedjebergtunnelen vart opna i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.08.2011