Hopp til innhold
X
Innhald

Reidar Vangsnes

Reidar Vangsnes (1927-2011) frå Fresvik, busett på Leikanger. Forretningsmann og skjeldyrkarpionér.

Reidar Vangsnes (1927-2011) frå Fresvik, busett på Leikanger. Forretningsmann og skjeldyrkarpionér.

Han gjekk inn som medeigar i Vangsnes Fiskematfabrikk som faren hadde starta i 1938. Var medskipar av smoltanlegget Sygna Aquakultur AS på Hermansverk i 1984, og har sidan 1990 engasjert seg sterkt for å byggje opp blåskjelldyrking som næringsveg i Sogn - m.a. gjennom gruppa «Fjord Aker», og med selskapa «Fjord Garden» og «Detoks».

Gjorde opptaket til skiping av Leikanger Næringssamskipnad i 1986. Vangsnes gjorde opptaket til skiping av Leikanger Røde Kors Hjelpekorps og har vore styreleiar i Leikanger Musikklag og Leikanger Mannskor og Palmerevyen - sjå: Lagslivet i Leikanger.

Soneson til Johannes Nilson Vangsnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011