Hopp til innhold
X
Innhald

Rike prestar eigde kyrkjene

I 1724 vart sokneprest Ivar Ivarson Leganger eigar av alle kyrkjene i det som den gongen var Leikanger prestegjeld: Leikanger, Fresvik, Feios, Vangsnes og Tjugum kyrkjer, og Mundal kapell i Fjærland.
I det komande hundreåret høyrde desse kyrkjene til greiner av den rike Leganger-slekta etter Iver Erikssøn Leganger, og eigarane kunne kassere inn store tiendeinntekter frå kyrkjene sine.

Ved inngifte kom m.a. Leikanger-kyrkja i hendene på folk frå slekta Heiberg (sjå: Heibergane kjem til Amla) og slekta som stamma frå prost Anders Daae i Vik.

I 1839 vart Leikanger kyrkje selt frå Daae-slekta til sju bønder i bygda.

Sjå: *Leikanger kyrkje *Fresvik kyrkje *Tjugum kyrkje *Fjærland kyrkje

*Kyrkjer i Vik: Feios kyrkje og Vangsnes kyrkje

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2009