Hopp til innhold
X
Innhald

Rikssamlinga kan ha starta frå Sogn

I samband med studiar kring Gulatinget, hevdar professor i mellomalderhistorie, Knut Helle, er det er mest truleg at Harald Hårfagre hadde Sogn og Leikanger som utgangspunkt då han starta rikssamlinga og la småkongedøma på Vestlandet under seg.

Tidlegare har den «autoriserte» historietradisjonen vore at Harald starta samlinga frå Vestfold. Helle ser det sannsynleg at Harald Hårfagre kan ha gjort opptaket til skiping av Gulatinget som felles tingstad for stridbare hersar og bønder på Vestlandet.

I mange år etter at han starta samlinga av riket, gjorde han seg årlege ferder om somrane til «heimbygda» si i Sogn.

Les meir: Kongsgard på Husabø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008