Hopp til innhold
X
Innhald

Rikt musikk- og revyliv i Leikanger

Leikanger Musikklag spelar for Sigurd Høyum på 50-årsdagen hans i 1945. Ukjend fotograf. Eigar: John Hamre/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Leikanger Musikklag spelar for Sigurd Høyum på 50-årsdagen hans i 1945. Ukjend fotograf. Eigar: John Hamre/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Leikanger Musikklag

vart skipa i 1924 med Karl Husabø som første leiar. I 1930 reiste korpset heilt til Stiklestad i Trøndeleg for å spele på eit stemne.

Leikanger Mannskor og Palmerevyen

Mannskoret starta med dei kjende «Palmerevyane» kring 1960, og har fått Fylkeskulturprisen.

Leikanger skulemusikklag

Skipa i 1953. Frå 1970 vart det tilsett musikkleiar i kommunen, og 1985 starta Leikanger kommunale musikkskule med Lars Nes som leiar.

Leikanger Blandakor

vart skipa i 1979 som ei vidareføring av eit damekor som vart skipa i 1975 av Camilla Nordhaug.

I 1991 sette Koret opp musikalen «Les Miserables» i samarbeid med eit lokalt orkester. Blandakoret har også sett opp «Spelemann på taket» og eit stort program bygd på den lokale tonediktaren Olav Sande sine verk.

Leikanger Folkemusikkverkstad 1991. Bak frå v. Hallgrim Skjerdal, Jorunn Flaten, Idun Husabø Anderssen og Svein Skjerdal.  Framme frå v. Siv Anita Øy, Elin Frækaland, Signe Vestre og Gøril Urdahl. Foto: Anders Anderssen.

Leikanger Folkemusikkverkstad

vart starta i 1991 etter opptak frå Anders Andersen. Skulen hadde opptil 50 elevar på det meste.

Tinghusrock og Fjordrock

På 1990-talet har Tor Talle og Lars Nes vore sentrale pådrivarar ved arrangement som Tinghusrock og Fjordrock. Sidan 1983 har «bankkonserten» vore ei årleg stormønstring for det rike musikklivet i bygda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 09.08.2011