Hopp til innhold
X
Innhald

Samband med Danmark for 1600 år sidan

Krossforma spenne av bronse funnen på Røysum i 2002. Foto: S. Skare, Bergen Museum.

Krossforma spenne av bronse funnen på Røysum i 2002. Foto: S. Skare, Bergen Museum.

På Røysum like ved Syril Stadion er det registrert seks gravrøyser på opptil 12 meters tverrmål. Her er det funne m. a våpen og reiskap frå jernalderen. På garden er det også funne reiskapar frå steinalderen.

I 2001 vart det funne to gravkister i ei røys. Her vart det funne m.a. spinnehjul, kermikkskår og fleire bronsespenner og ravperler.

Ei av bronsespennene kan vere støypt i same forma som ei spenne som vart funnen i Rogaland.

Funna er daterte til 400-475 e. Kr. Truleg er begge enkle kopiar etter ei rikt utført spenne som vart funne i Danmark, og kan vere komne til Noreg antan ved handel eller giftarmål.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011