Hopp til innhold
X
Innhald

Signe Lovise Andersen

Signe Lovise Andersen (1901-) busett på Leikanger. Husmor og Arbeidarparti-politikar. Budde på Rjukan og i Ålesund før ho i 1939 busette seg på Leikanger fram til 1955. Vart 1919 engasjert i Rjukan Arbeiderungdomslag, hadde partiverv i Ålesund og vart m.a. leiar i kvinneutvalet i Sogn og Fjordane Ap då ho flytta til Leikanger.

Vararepresentant til Stortinget frå Sogn og Fjordane 1954-1957. Gift med Oskar Andersen, som starta Arbeidarparti avisa Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008