Hopp til innhold
X
Innhald

Sjukehusplanar på Leikanger

Leikanger kunne ha fått sjukehus på 1930-talet, men fall mellom to stolar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger kunne ha fått sjukehus på 1930-talet, men fall mellom to stolar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjukehusstriden i 1928

Frå 1928 og til midt på 1930-talet var fylket splitta i ein oppheta sjukehusstrid. For Sogne-bygdene var det på tale å byggje ut to sjukehus: eitt i Høyanger og og eitt i Lærdal, eller berre eitt på Leikanger.

Høyanger ville utsetje

Særleg frå Høyanger vart det freista å utsetje avgjerda om stadval og sjukehustruktur. Grunnen var at dei visste at fabrikkselskapet Norsk Aluminium CO - NACO gjekk med planar om å byggje eit eige sjukehus i industribyen. Eit fylkeseigd sjukehus på Leikanger kunne øydeleggje for dette frykta Kyrkjebø kommune.

Fylkestinget ønskte Leikanger

Men fleirtalet i fylkestinget gjekk med stort fleirtal inn for eitt sjukehus på Leikanger for heile Sogn. Dette var også tilrådinga frå fylkesmann Hans Seip.

Sosialdepartementet avjorde

Avgjerda vart anka og overprøvd av Sosialdepartementet, som støtta planen om sjukehus i Høyanger - NACO-sjukehuset. Dermed vart det også opning for eit sjukehus i Lærdal - Lærdal sjukehus.

Leikanger-alternativet datt mellom to stolar - vart borte.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011