Hopp til innhold
X
Innhald

Skald Forlag

Skald Forlag har hovudkvarteret sitt i det gamle hotellet på Hermansverk. Foto: Arild Nybø, NRK.

Skald Forlag har hovudkvarteret sitt i det gamle hotellet på Hermansverk. Foto: Arild Nybø, NRK.

Simone Stibbe vart ny forlagssjef i 2012. Foto: Skald Forlag.

Simone Stibbe vart ny forlagssjef i 2012. Foto: Skald Forlag.

Skald Forlag på Hermansverk vart skipa i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal.

Skald Eigedom

Eigedomsselskapet Skald Eigedom kjøpte i 2000 «Gamle Hotellet» som tidlegare husa Leikvang Hotell på Hermansverk. Huset går inn som ein del av Leikanger Næringshage, og gjev rom for fleire kulturbaserte verksemder som m.a. Skald Forlag. Bygningen husar og Café Herman i fem år. Denne vart lagd ned ved årsskiftet 2013/2014, men Åse Kongsvik og Oddrun Ugulsvik Myklebust dreiv kaféen vidare eitt år, før dei også la ned drifta.

I 2007 skipa Skald Forlag ei avdeling i Bergen. Lars Nes var forlagssjef til 2012, då han vart avløyst av Simone Stibbe.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015