Hopp til innhold
X
Innhald

Skjelgraving i Leikanger

I gamle dagar var det mange, også i Leikanger, som skaffa seg inntekter ved skjelgraving.

Det vart nytta ein spesiell skrapetrål for å få o-skjela opp frå sandbotnen. Det gjekk om lag 20 år mellom kvar gong ein kunne tråle same feltet etter ny, vaksen skjel. Denne gravinga gjekk føre seg utanfor Systrond heilt til andre verdskrig.

Agn til Lofotfisket

Skjela vart den gongen ikkje nytta til menneskeføde, men sende som agn til Lofotfisket.

Sjå også om Solund: Skjelsanking i Solund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011