Hopp til innhold
X
Innhald

Skrivareiki

Skrivareiki. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skrivareiki. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Knapt noko tre på Vestlandet viser så godt att i terrenget som den mektige «Skrivareiki» på sorenskrivargarden på Systrond.

Eika vart i 1994 målt 25,25 meter meter høg og målte 5,08 meter kring den høgreiste stammen. Ein reknar med at Skrivareiki spirte opp av jorda ca. 1740-1750. Skrivareiki har i tidlegare tider også vorte kalla Futaeiki og Hallandseiki etter garden sitt opphavelege namn.

Bjødnaeiki

Skrivareiki på Systrond er det meste kjende eika, men elles går det segner om at det på husmannsplassen Moene under garden Njøs skulle stå ei diger eik. Treet vart kalla «Bjødnaeiki» - for hit kom bjørnen og kvesste klørne!

Statsalmen

Ved Statens hus står ein endå mektigare tre. Det det er «Statsalmen», som er 28 meter høg og 5,40 meter rundt stammen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011