Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Leikanger

Ein klasse på Leikanger barneskule. Foto: Asle Veien, NRK.

Ein klasse på Leikanger barneskule. Foto: Asle Veien, NRK.

Den første skuleordninga i midtre Sogn

Den første skuleordninga i midtre Sogn vart organisert på eit møte på Leikanger i 1741.

Første fastskulen på Holum

Trass i sterk motstand frå bøndene, vart omgangsskulen avløyst av fastskule i hovudsokna i dåverande Leikanger prestegjeld i 1829. Skulen heldt til i klokkargarden på Holum (Grinde). Denne garden hadde vore klokkargard heilt sidan starten på 1600-talet. I 1840 hadde skulen fått 40 elevar delt på tre klassar. Dei fekk undervisning tre dagar i veka.

Dette huset stod først på prestegarden, men vart flytta til klokkargarden og brukt til skulehus på Systrond frå 1854 til 1872. Seinare vart det om- og påbygt og brukt til bank. Huset vart rive i 1938. Ukjend fotograf.

Dette huset stod først på prestegarden, men vart flytta til klokkargarden og brukt til skulehus på Systrond frå 1854 til 1872. Seinare vart det om- og påbygt og brukt til bank. Huset vart rive i 1938. Ukjend fotograf.

Huset frå Hauglum i Fresvik som vart frakta over fjorden og vart nytt skulehus på Systrond  frå 1873. No er det kyrkjelydshus.

Huset frå Hauglum i Fresvik som vart frakta over fjorden og vart nytt skulehus på Systrond frå 1873. No er det kyrkjelydshus.

Skulen på Systrond

I 1853 vart eit hus frå prestegarden på Leikanger rive og flytta til ei anna tomt på Systrond der det vart nytta som skulehus fram til 1872. Seinare vart dette huset påbygd og nytta som lokale for Leikanger Sparebank. Det vart rive i 1938. Då det seinare ”bankbygget” gjekk ut av bruk som skule i 1872, kjøpte kommunen det store herskapshuset som godseigar Lars Mathias Hille (sjå Vik kommune) hadde bygd på garden Hauglum i Fresvik. Dette vart flytta nord om fjorden og sett opp som skulehus og klokkar/lærarbustad på Systrond. Huset står framleis, og er den velkjende "Klokkargarden".

I dette huset heldt Sogns Barneheim til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset heldt Sogns Barneheim til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eigen skule på Sogns Barneheim

Indremisjonen starta Sogns Barneheim på Leikanger i 1891 for foreldrelause born frå Sogn. Den var i drift til 1974, og hadde 10-20 born i alderen to til ca. 15 år i pensjon. I åra 1891 til 1920 hadde barneheimen eigen skule. Frå 1921 gjekk barneheimsborna på dei vanlege barneskulane på Holum og Nybø.

Lindemann-skulen i prestegarden

Presten Jakob Andreas Lindeman dreiv frå 1840 til 1844 ein privat skule for ”betrestilte” jenter i prestegarden i Leikanger. Skulen dreiv han saman med ektemaken Marie Matrine f. Aastrup, og dei gav undervisning i matstell, husstell og musikk. Under tenestetida som sokneprest i Davik 1844-1846, dreiv dei tilsvarande skule der.

Nybø skule og nokre av elevane i 1955. Her heldt realskulen til dei første åra. Ukjend fotograf. Eigar: Magnhild Stadheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nybø skule og nokre av elevane i 1955. Her heldt realskulen til dei første åra. Ukjend fotograf. Eigar: Magnhild Stadheim/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Privat folkeskule for kondisjonerte

Embetsmennene som budde på Systrond dreiv sin eigen private folkeskule for ungane sine frå 1897 til 1924. Det var sokneprest Fredrik Wilhelm Bull-Hansen som gjorde opptaket til skulen. Her gjekk borna til amtmann, sorenskrivar, sokneprest og elles andre som hadde råd til å betale. Skulen løna eiga guvernante. Den heldt først til i Fylkesmannsgarden, seinare i eit rom på Nybø skule. Ungane som gjekk der, blanda seg lite med ungane elles, og hadde m.a. friminutt på andre tider enn dei andre ungane på Nybø skule slik at kontakten vart minst mogleg.

Eitorn krins

i den vestlege luten høyrde fram til 1964 under Balestrand kommune. Krinsen fekk skulehus i 1880. Dette var i bruk til 1956, då vegen Leikanger-Hella vart opna, og borna kunne skyssast til skulen på Systrond.

Nynorsk som undervisningsmål

Alt på 1890-talet hadde m.a. lærar Olav Sande teke til å undervise i nynorsk. Nynorsk vart innført i Holum skulekrins i 1900, medan nynorsk vart avvist som undervisningsmål i Nybø krins ved krinsrøystingar både i 1900 og 1901. Men nynorsk var innført her når ein kjem fram til 1911.

Skulehuset i tidlegare Holum krins, som omfatta området vest for Hamre og utover mot Eitorn. Biletet er teke mellom 1910 og 1920 av Olai Fauske. Huset vart seinare brukt til realskule. Eigar: Hilde Marie Pedersen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skulehuset i tidlegare Holum krins, som omfatta området vest for Hamre og utover mot Eitorn. Biletet er teke mellom 1910 og 1920 av Olai Fauske. Huset vart seinare brukt til realskule. Eigar: Hilde Marie Pedersen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Leikanger kommunale realskule

I dei vanskelege krigsåra 1940-1945 vart det starta ei mengd lokale realskular og gymnas kringom i Sogn og Fjordane. Den viktigaste grunnen var at foreldra var redde for å sende ungane frå seg i usikre krigstider, og det var heller ikkje enkelt å reise mellom heimen og skulestaden dersom den låg langt unna. Ein av skulane som vart skipa i krigsåra, var Leikanger kommunale realskule. Realskulen var i drift til ungdomsskulen vart innførd i 1967. Skulen hadde ikkje eigen eksamensrett, og låg i eksamensavviklinga difor under statsrealskulen i Balestrand (sjå: Balestrand to-årige framhalds- og millomskule). Den kommunale realskulen tok opp ein klasse kvart år. Den heldt først til på Nybø, men flytta seinare til den gamle skulebygningen på Holum. Ved Nybø skule var det også framhaldsskuleklasse.

Bilmekanikarskule på Hermansverk

I åra mellom 1965 og ca. 1970 vart det drive ein bilmekanikarskule på Hermansverk.

Ungdomsskulen i Leikanger

Leikanger innførte niårig barne- og ungdomsskule i 1967, då kommunen bygde eigen skulebygning like ved kyrkja.

Leikanger kommunale musikk- og kunstskule

vart skipa i 1985.

Dagens skular (2002):

  • Leikanger barneskule 1.-7. klasse - 230 elevar
  • Leikanger ungdomsskule 7.-10. klasse - 110 elevar
  • Leikanger musikk- og kunstskule
  • Leikanger barneskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Leikanger barneskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011