Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Avis

Sogn Avis vart skipa i 1993 ved at dei to Leikanger-avisene Sogningen/Sogns Avis (SSA) og Sogn og Fjordane vart slegne saman - med tidlegare redaktør i Sogningen/Sogns Avis, Gerhard Haugland, som redaktør.

Avisa heldt til i ein trebygning på Hanehaug fram til mai 2009, då avisa flytta inn i Saften - den tidlegare fabrikkbygningen til Drægni A/S, som er ombygd til kulturhus og fleirbrukshall.

I 1999 starta eit annonsesamarbeid mellom Firdaposten, Firda og Sogn Avis under namnet Sogn og Fjordane samkøyringa. I 2011 vart dette utvida ved at fire aviser i Hordaland kom med, og namnet vart endra til Media Vestlandet AS.

Redaktørar i Sogn Avis har vore:

  • Gerhard Haugland frå 1993 til han døydde i 2000,
  • Jan Inge Fardal 2000-2001 (kst.),
  • Kai Aage Pedersen 2001-2003,
  • Rune Timberlid 2003-2005,
  • Jan Inge Fardal 2005 -.
  • Avishuset på Hanehaug der Sogn Avis hadde redaksjon fram til 2009. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Avishuset på Hanehaug der Sogn Avis hadde redaksjon fram til 2009. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011