Hopp til innhold
X
Innhald

Sognefjord Hotel

Ved ei utviding av Knausen Pensjonat i 1972 fekk hotellet 55 rom med 106 gjestesenger. Samstundes endra hotellet namn til Sognefjord Hotel AS. Det er dessutan bygt symjebasseng, trimrom og tennisbane.

Ein del av bygget vart på 1970- og 1980-talet leigd ut som kontor, der m.a. byggjeavdelinga til fylkeskommunen og NRK sitt første lokalkontor i Sogn heldt til - sjå: Aviser og media i Leikanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.07.2008