Sogningen/Sogns Avis (SSA)

Sogningen/Sogns Avis - SSA - hadde opphavet sitt i Sogningen som vart starta i Vik i 1897, og avisa Sogns Avis som også vart starta i Vik på 1920-talet.
I 1957 kjøpte trykkerieigar Ingvald Husabø på Leikanger forlagsretten til begge avisene og slo dei saman under tittelen «Sogningen/Sogns Avis» - med utgjevarstad Leikanger. Leikanger. Avisa vart akjeselskap i 1973, og vart slegen saman med ”Sogn og Fjordane” i 1993 til ”Sogn Avis”.
Redaktørar har vore Simon Olsen 1957-1958, Hans Arnesen 1958-1987, Gerhard Haugland 1987-1992.

Hans Arnesen var redaktør frå 1958 til 1987. Han var ein svært spesiell avismann og var på mange vis ein maktfaktor i Sogn. Foto: Terje Eggum.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 01.08.2011