Hopp til innhold
X
Innhald

Sogns Barneheim

Sogns Barneheim for foreldrelause born vart skipa på Leikanger i 1891, og var i drift til 1974. Bak den stod Indremisjonen i Sogn.

Det var først og fremst sokneprest i Leikanger, Jakob Walnum som syrgde for at denne heimen vart lagt til Leikanger. Han fekk samla inn midlar, og saman med to brør og mykje dugnadsarbeid fekk han reist ein stor trebygning i Strandavegen på Husabø, Her stilte gardbrukar John Olsen Husabø tomt til rådvelde.

Borna som vart tekne inn på barneheimen, var frå to år og opp til konfirmasjonsalder - dvs. kring 14 år. Heimen hadde 10 til 20 born i forpleining så lenge den var i drift. Born med kroniske sjukdomar vart avviste.

Drifta basert på gåver

Om sommaren heldt heimen stengt, og borna vart sende på opphald på gardar kringom i Sogn, der dei måtte ta del i gardsarbeidet. I reglane for heimen vart det fastsett at borna skulle oppdragast i «kristelig Aand», og levesettet på heimen skulle vere «nøisomt og tarveligt».

Drifta basert på gåver

Drifta av heimen vart i hovudsak basert på innsamlingar, basarar, kyrkjeofringar og gåver i form av naturalia som mat og kle. Dette gav heimen i lang tid ei fri stilling i høve til offentlege styremakter, ein fridom som m.a. fekk negative fylgjer for korleis borna vart handsama under nokre av styrarane.

De Lidendes Ven frå oktober 1921.

De Lidendes Ven frå oktober 1921.

Gåvene kunne vere slaktebeist, grønsaker og frukt frå eiga avling. Mange fromme sogningar hadde gjerne eitt eller fleire «misjonstre» i frukthagen. Avlinga eller inntekta frå fruktsalet frå dette treet gjekk ofte til Sogns Barneheim.

«De Lidendes Ven»

Misjonsfolket i Sogn vart godt oppdaterte om gåvelister og driftsintekter gjennom heimen sitt eige blad «De Lidendes Ven». Dette skulebladet kom ut frå 1891 til 1937. Det hadde i eit opplag på 1.200, med 10-12 nummer årleg. I 1937 gjekk «De Lidendes Ven» inn i misjonsbladet «Sognevarden», som vart gjeve ut i fellesskap av Sogns Barneheim, den kristelege ungdomsskulen på Askelund - Sogn Ungdomsskule i Balestrand og Indremisjonen i Sogn.

Kring 1. verdskrig fekk Sogns Barneheim så mykje testamentariske gåver og andre midlar at dei kunne slette all gjeld og setje av pengar på fond. Frå 1891 til 1921 hadde heimen eigen skule med sin eigen lærar. Frå 1921 fekk borna frå heimen gå på dei vanlege folkeskulane i bygda.

Hard tukt og barnemishandling

Heimen vart styrt av ein forstandar - fram til 1937 saman med ektemaken som eit «forstandarpar». I tillegg hadde heimen kokke, og i bolkar både ein barnepleiar og ein lærar tilsett.

I tillegg til at føremålsparagrafane sette strenge reglar for korleis borna skulle oppsedast - «nøisomt og tarveligt» - gjorde enkelte strenge og nidkjære forstandarpar livet surt for småborna.

Det er kjent at særleg eitt par for ille åt: Barneheimsborna fekk ikkje lov å leike med andre born i bygda. Dei vart fråtekne godteri og andre gåver som vart sende til dei frå slektningar. Jamvel små «fantestrekar» vart straffa med strenge husarrestar. Ei anna straffeform var å nekte born eit måltid eller to.

Huset slik det tok seg ut i 2007. I 2011 vart det rive. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset slik det tok seg ut i 2007. I 2011 vart det rive. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Men verst av alt: Det vanka både bjørkeris på rompa og det som verre var for brot på reglar og fantestykke. Leksikonredaktøren har sjølv vore i kontakt med tidlegare barneheimsborn som fortalde at dei kunne verte straffa med slag av reimer mot kjønnsorgana. Var det jenter, kunne dei bli snauklipte som straff.

Reformen i den norske barneomsorga gjorde at talet på born ved heimen gjekk sterkt tilbake frå 1950 og utover. Den hadde stått tom i lengre tid då den vart offiselt avvikla i 1974. Bygningen vart deretter brukt til barnehage fram til 2008.

Huset rive i 2011

I 2011 vart huset rive. Då vart grunnsteinen som vart lagd ned i 1891 funnen saman med eit skrin med fem myntar og ei koparplate med denne inskripsjonen: ”I Guds Faders Søn og den Hellig Ånds Navn. Aar 1891 den 19 Mai Kong Oscar II´s XIX Regjerings Aar lagdes her Grundstenen til er Børnehjem for Sogn. Aar 1890 den 19 November blev Tanken om et Børnehjem forelagt et Møde for Sogn her paa Leikanger og bifalt af dette hvorpaa Arbeidet for Sagens Fremme blev overdraget Sogneprest til Vik S. B. Hersleb Walnum og Sogneprest til Leikanger Jakub R. S Walnum. Tegning til Huset er leveret af Amtsingeniør Borck. Tilsyn med opførelsen af Børnehjemmet har Gårdmand John Olsen Husebø paa hvis Eiendom huset bygges. Marc. 9, 36-37.”

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011