Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivargarden på Halland

Sorenskrivarbustaden på Halland med den store Skrivareiki. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sorenskrivarbustaden på Halland med den store Skrivareiki. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sognefuten budde på Halland

I 1630 vart Sogn delt i eitt futedøme for indre Sogn og eitt for ytre. Grensa mellom dei to futedøma gjekk mellom Slinde og Hermansverk på nordsida og mellom Lærdal og Aurland prestegjeld på sørsida. Ved denne delinga kan ein på eitt vis seie at dei midtre og ytre sognebygdene vart ”frådelte” som nytt futedøme, for sognefutane hadde fram til då hatt for vane å busetje seg i Kaupanger, Sogndal og i Luster. Og med ein slik buplass var det nok tungvint å ta seg rundt i det store Sogn futedøme – særleg til dei vestlege bygdene. Futen i ytre Sogn busette seg først på Målsnes i noverande Balestrand kommune, deretter på garden Flesje og seinare på Askelund i same kommune. I periodar budde også futen i ytre Sogn i Bjordal på sørsida og på garden Alværa i ved Lavik. Det var også mykje opp til futen sjølv kvar han busette seg, og slik vart også Leikanger i ein kort periode futesete:

Tinghusa vart reiste på Halland

I 1781 vart Joachim Scweder Bang (1746-1826) fut i ytre Sogn. Han hadde fått borgarbrev i Stavanger i 1769. Året etter at han vart utnemnd til fut i Sogn gifta han seg med prestedottera Barbra Marie Geelmeyden frå Leikanger. Paret busette seg i 1796 på garden Halland på Systrond. Truleg var Scweder Bang på den tida fut også for indre Sogn, for det var ikkje uvanleg, korkje i Sogn og i Fjordane, at futedøma i periodar var slegne saman. Grensene mellom futedøma kunne også frå tid til anna verte regulerte litt fram og tilbake alt etter kva som var mest tenleg for futane. Seinare flytta futen Scweder Bang til eit anna futeembete på Ringerike. Sjå elles om futeseta Målsnes, Flesje og Askelund under: Futegardar i Sogn og Fjordane.

Tinghusa vart reiste på Halland

I 1938 kjøpte Leikanger kommune ein del av garden og bygd det første av tre «tinghus» (sjå: Tinghusa i Leikanger) som i mange år skulle huse både fylkesadministrasjonen og kommuneadministrasjonen, samt sparebanken. Tinghus I stod ferdig i 1939. I 1954 bygde kommunen Tinghus II med påbygg i 1967, og i 1963 Tinghus III.

På dette biletet ser vi Tinghus I, II og III til venstre for sorenskrivarbustaden. Foto: Arild Nybø, NRK.

På dette biletet ser vi Tinghus I, II og III til venstre for sorenskrivarbustaden. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011