Hopp til innhold
X
Innhald

Spionar med attentatplanar mot keisaren

Dei mystiske lika på Olsens hotell

Dei mystiske lika på Olsens hotell

Om kvelden den 11. august 1911 small det tre revolvarskot på eitt av gjesteroma i Olsens Hotell på Hanehaug/ Leikanger. Då personalet opna den låste døra, fann dei ein mann og ei kvinne og ein 12 år gamal gut liggjande på golvet. Alle var skotne gjennom tinningen. Våpenet låg ved sida av den daude mannen.

Dei tre var ingeniør Louis Assmus fødd i 1876 i Braila i Romania, busett i Hannover i Tyskland, systera: enkefru Johanne Lehman fødd 1870, og hennar son August Lehman fødd 1899.

Ingen obduksjon

Ingen obduksjon

Distriktslege Heiberg vart tilkalla, og han slo fast at ingeniør Assmus først hadde teke livet av dei to andre før han skaut seg sjølv. Det same meinte politimeister Ingebrikt O. Asheim, som leia etterforskinga av den tragiske hendinga.

Ingen fann grunn til å obdusere lika, og to dagar seinare vart lika gravlagde ved kyrkja på Leikanger.

Etterlyst i Tyskland

Hendinga vekte stor merksemd i norsk og utanlandsk presse: - Kven var dei tre, og kvifor tok Assmus seg og sine av dage på eit hotellrom ved Sognefjorden? Etter kvart som ein nøsta opp bakgrunnen til dei tre, viste det seg at dei den 29. juli vart etterlyste av tyske styresmakter då dei ikkje vende heim til avtalt tid. På same tid som dei tre var i Sogn, var også den tyske Keisar Wilhelm II på si årlege gjesting.

Keisaryachten «Hohenzollern» låg for anker ved Balestrand medan keisaren tok dagsutflukter m.a. til breane i Fjærland.

Teori om terrorisme

Teori om terrorisme

Seinare granskingar vil ha det til at Assmus og systera, som begge var fødde i Romania, var medlemer av den rumenske terrororganisasjonen «Svarte hand», og at føremålet med reisa deira til Sogn var å ta livet av den tyske keisaren. Attentatet skulle skje når keisaren steig i land i Fjærland for å reise i karjol opp til Supphellebreen.

Det vert hevda at ingeniør Assmus då stod heilt ute på kaikanten i Fjærland og venta på regenten. Men på grunn av endringar i reiseplanen, gjekk ikkje keisar Wilhelm II i land i Fjærland.

Teorien sidan har vore at den angivelege attentatmannen Assmus kjende seg avslørt både med etterlysinga i avisene ei veke tidlegare, og no med hendinga i Fjærland. Dette skal ha ført til at han ikkje såg annen utveg enn å ta seg sjølv og systera og sonen hennar av dage.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011