Hopp til innhold
X
Innhald

Strandsitjarstader i Leikanger

Strandsitjarhus på Henjasanden. Dette huset er no å finne på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen.

Strandsitjarhus på Henjasanden. Dette huset er no å finne på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen.

Frå gamalt av var Henjasanden og Njøsasanden aust i bygda ein strandsitjarstad der jordlause slo seg til.

Strandsitjarane livnærte seg som tenestefolk på gardane i bygda, eller dreiv eitt eller anna handtverk. M.a. finn vi skomakarar, snikkarar, smed og børsemakar i den vesle grenda. Ved sida av Lærdalsøyri, Sogndalfjæra og Vikøyri var Henjasanden ein av dei få «tettstadane» i Sogn i gamle dagar. Her var også litt handel og eige gjestgiveri - sjå: Handel og gjestgiveri på Henjasanden og Båtbygging på Henjasanden.

Strandsitjarar på Husabøsanden

Også på Husabøsanden vest i bygda var det eit lite strandsitjarmiljø med husmannsfolk kring 1800. Nokre av dei dreiv litt handtverk: Her finn vi både smed, snikkarar og skomakarar. Her budde også fleire som skreiv seg for fiskarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011