Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Daae

Sverre Daae (1890-1968) frå Alversund, busett i Leikanger. Prest. Tenestegjorde som prest m.a. i Trøndelag før han vart sokneprest i Leikanger 1927-1960.

Han gjorde i mellomkrigsåra ein stor innsats for å få den gamle middelalderkyrkja på Leikanger, Leikanger kyrkje, restaurert og mest mogeleg tilbakeført til sin opphavelege utsjånad. Daae leia også arbeidet med å byggje aldersheim i Leikanger.

Under 2. verdskrig tok tyske offiserar prestegarden i bruk som bustad. Etter krigen vart Daae stilt for retten, skulda for landssvik. Han vart frådømd presteembetet, men etter anke vart han frikjend i 1952.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011