Hopp til innhold
X
Innhald

Sygna Akvakultur AS

Sygna Akvakultur er i dag ein del av selskapet Marine Harvest. Foto: Knut Henning Grepstad.

Sygna Akvakultur er i dag ein del av selskapet Marine Harvest. Foto: Knut Henning Grepstad.

Sygna Akvakultur AS setjefiskanlegg vart skipa ved Hermansverk i 1984 med lokale aksjonærar. Smoltanlegget tok i bruk lokala til tidlegare Sygna Uldvarefabrikk A/L ved Henjaelva.

I 1988 bygde firmaet nytt anlegg i Riverdalen på Hermansverk, men dette vart ikkje teke i bruk før i 1993. Kostnader med nyanlegget og krakk i marknaden førte nemleg Sygna Aquakultur til konkurs i 1990.

Edelsmolt AS

Sparebanken Sogn og Fjordane dreiv som hovudkreditor anlegget ei kort tid før ein fekk skipa eit nytt selskap - Edelsmolt AS. Her var eindel av dei tidlegare eigarane med, men den største eigaren var Ove Unneland frå Mjømna i Gulen. Han overtok etter kvart alle aksjane.

Les også om Ove Unneland og Pan Fish

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011