Hopp til innhold
X
Innhald

Sygna Uldvarefabrikk A/L

Sygna Uldvarefabrikk. Foto: Ivar Menes.

Sygna Uldvarefabrikk. Foto: Ivar Menes.

Sygna Uldvarefabrikk låg ved Henjaelvi, og var i sine beste år ei av dei største industriverksemdene i kommunen. Verksemda starta med eit tøystampe og eit lite fargeri i 1896.

Grunnleggjaren var Mathias Larsen (1855-1912) frå Guddalen i Fjaler. Han hadde ei tid budd i Sogndal før han flytta til Hermansverk kring 1896, og starta ei tøystampe ved Henjaelvi. Litt lengre oppe ved elva hadde Hans N. Njøs starta ein liten verkstad for shoddyproduksjon.

Larsen Dampfarveri

Larsen kjøpte tomta med shoddy-verkstaden i 1910, og her bygde han fabrikk med fargeri, kraftstasjon og eit par bustadhus. Fabrikken kalla han Larsen Dampfarveri. Bygningstømmeret kjøpte han på Vangsnes, der det hadde vore brukt som stillas ved reisinga av statua av Fridtjof den frøkne på Vangsnes. Maskinane i fabrikken vart drivne med drivreimer frå ein aksling under taket, slik det var vanleg på den tida. Fargeriet hadde kring åtte tilsette.

Larsen kom til skade i ein av maskinane i 1913 og døydde seinare av skadane.

Fana til Hermansverk Tekstilarbeiderforening. Foto: Olav Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Fana til Hermansverk Tekstilarbeiderforening. Foto: Olav Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Ullvarefabrikk

No overtok fabrikkeigar Arne Johannessen frå Strusshamn, skipa eit aksjelag og dreiv fabrikken under namnet Sygna Uldvarefabrikk A/L. Fabrikken hadde eit nett av kommisjonærar i sogne- og sunnfjord-bygdene som tok imot ull og formidla ferdigvarer tilbake frå fabrikken.

I kriseåra på 1930-talet stod fabrikken stille i lange periodar, og arbeidarar vart permitterte og oppsagde. Dette førte til at dei i 1932 organiserte lokallag av Norsk Tekstilarbeiderforbund.

Utviding på 1950-talet

Sygna Uldvarefabrikk vart utvida på 1950-talet med to nye bygningar som m.a. innheldt kamgarn-spinneri og vevegarnavdeling. Tekstilingeniør Anders Dancke Sunde vart tilsett som disponent. Han overtok også Sognefjorden Ullvarefabrikk i Sogndal, og dreiv begge fabrikkane i fleire år. Fabrikken hadde jamnt over mellom 20 og 25 faste arbeidarar.

Selt og flytta

Sygna Uldvarefabrikk vart selt til Oslo-selskapet Norsk Kamgarnindustri A/S i 1960, og spesialiserte seg deretter berre på strikkegarn. Fabrikken gjekk konkurs i 1970, men disponent Arne Dancke Sunde fekk løyve av bustyret til å halde fram med litt produksjon fram til han fekk Sandnes Kamgarnspinneri i Rogaland til å overta på Hermansverk. Dette selskapet dreiv fabrikken fram til 1982, då produksjonen på Hermansverk vart lagt ned og flytta til Sandnes.

I 1984 vart lokala til den gamle ullvarefabrikken ved Henjaelvi tekne i bruk til det nyskipa smoltoppdrettsanlegget Sygna Aquakultur AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011