Hopp til innhold
X
Innhald

Syril - Systrond Idrettslag

Stafettlaget til Syril i 1954: Framme frå venstre Jan Dahlin, Magne Rosenlund, Nils Moe, Ola O. Henjum og Bjarne Lyngstad. Bak frå v. Ola Fjellheim, ukjend, Thrane, Sigvald Nåtedal og Jens Kr. Dahlin. Foto frå ”Systrendingen”, utlånt av Magne Rosenlund.

Syril - Systrond Idrettslag vart skipa i 1906 og heitte i lang tid Leikanger Skilag. Grunnen var at laget satsa mest på skisport, og bygde fleire skibakkar på Kleppa.

Fotballaget til Syril ca. 1960. Framme frå venstre Håkon Gjerde, Leif Henjum og Trygve Rishovd. Bak frå venstre Nils Mo, Jon Gjerde, Gunnar Skorpen, Nils Røysum, Jon Lund, Gunnar Stavestrand, Artur Drage og Sigurd Kvåle. Ukjend fotograf. Eigar: Gunnvor og Bjarne Lund/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Etter andre verdskrig fekk laget eit sterkt friidrettsmiljø, og bygde eiga idrettsbane o Holerunane i 1950. Frå krigen og fram på 1980-talet avvikla laget «Syrilstafetten» på Helgetorsdag kvart år.

Deltakarane i Kjeringi Open klare til start. Foto: Roar Werner Vangsnes.

Deltakarane i Kjeringi Open klare til start. Foto: Roar Werner Vangsnes.

Frå 1993 har laget m.a. skipa løpet «Kjeringi Open» med telemark, langrenn, springing og sykling. Løpet samlar opptil 800 deltakarar.

I 1999 fekk Syril prisen som det mest aktive idrettslaget i Sogn og Fjordane. I eit nedlagt fjøs på Njøs, som vert drive som privat treningssenter, har laget ulike treningsaktivitetar.

I 2007 kjøpte Leikanger kommune ein stor part av det nedlagde fabrikkanlegget til Lerum på Hermansverk for å byggje det om til fleirbrukshall for idretten i bygda.

Fotballtrening på Syril stadion i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fotballtrening på Syril stadion i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 09.08.2011