Hopp til innhold
X
Innhald

Syrstrand Gartneri AS

Syrstrand Gartneri. Foto: Arild Nybø, NRK.

Syrstrand Gartneri. Foto: Arild Nybø, NRK.

Per Hauge har drive gartneriet sidan 1990. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Per Hauge har drive gartneriet sidan 1990. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Syrstrand Gartneri AS vart starta på Leikanger i 1946 av Einar Hauge og Håkon Hamre. Hamre var grunneigar og Hauge tok seg av den daglege drifta. Per Hauge tok over som dagleg leiar i 1990.

Også planeskule

Gartneriet driv hagesenter og produksjon og omsetning av blomar. Fram til ca. 1990 dreiv gartneriet også planteskule, og fram til 1998 dyrka ein grønsaker. Verksemda vart AS i 1992.

I 2002 har Syrstrand Gartneri AS 2000 kvadratmeter veksthus og åtte tilsette.

Gartneriet er med i fagkjeda Hageland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011