Hopp til innhold
X
Innhald

Systrond Samvirkelag

Det tidlegare samvirkelagsbygget på Hanehaug. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare samvirkelagsbygget på Hanehaug. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johan Lægreid frå Årdalstangen var styrar av samvirkelaget på Hanehaug frå starten i 1952 til 1981. Privat foto frå Systrendingen

Johan Lægreid frå Årdalstangen var styrar av samvirkelaget på Hanehaug frå starten i 1952 til 1981. Privat foto frå Systrendingen

Systrond Samvirkelag opna forretning på Hanehaug/Leikanger i 1952, etter at det hadde vore arbeidd frå 1940 for å få i gang eit samvirkelag i bygda.

Dei overtok då forretninga Jordal Eftf. som Endre Eri hadde arva etter svigerfaren Kåre Jordal og drive med leigd hjelp. Johan Lægreid vart styrar på samvirkelaget. Jordal Eftf. AS skilde ut byggevaredelen og kaia frå salet og dreiv desse vidare med Mattis Rise som styrar fram til Samyrkelaget kjøpte dette òg i 1962.

I 1956 vart Gartnerhallen eigar av den tidlegare Jordal-eigedomen poå Hanehaug, og samyrkelaget leigetakar hos dei fram til laget sjølv kjøper eigedomen i 1959.

S-filial på Hermansverk i 1962

I 1962 leigde Systrond Samvirkelag butikken til Kristina Henjum på Hermansverk og starta filial der. Dette var i dei tidlegare lokala til Husabø & Henjum (sjå Landhandlar i Leikanger - 1925). Avdelinga på Hermansverk er framleis (år 2002) i drift som ein del av Coop Sogn og Fjordane.

Coop Prix på Hermansverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Prix på Hermansverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nybygg på Hanehaug

I 1972 gjorde Sogn Samvirkelag eit makebyte om tomter for å utvide på Hanehaug: Kommunen fekk overta den tidlegare «Jordal-butikken» og kaia, mot at samvirkelaget fekk overta og byggje på tomta til den tidlegare hermetikkfabrikken Sognefjord Sardine Co. A/S like ved. Her reiste samvirkelaget eit to-etasjes forretningsbygg på 1.300 kvadratmeter golvflate i 1974.

Utleigd 2. etasje

Heile 2. etasje vart leigd ut til fylkeskommunale kontor. M.a. heldt plan- og utbyggingsavdelinga til i bygget heilt fram til Fylkeshuset var innflyttingsklart i 1989. Då var det Samvirke Eiendom som eigde bygget, og dei fråflytta kontorlokala vart delvis ombygde til husvære og delvis leigde ut som kontor for Sognekraft AS.

Nedlegging og sal på Hanehaug

Samvirkelagsavdelinga på Hanehaug vart lagt ned i 1999. I 2001 selde Samvirke Eiendom bygningen til AS Leikanger Vest, der det står fem lokale aksjeeigarar bak.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.08.2011