Hopp til innhold
X
Innhald

Telefon i Leikanger

Dette var telefonkatalogen for Leikanger ca. 1907. Kort, grei og oversikteleg.

Dette var telefonkatalogen for Leikanger ca. 1907. Kort, grei og oversikteleg.

Den første private telegraflina vart bygd mellom Hanehaug på Leikanger og Hermansverk i 1892.

Det var telegrafpionéren framfor nokon på Vestlandet, Jens Sigfred Hopstock som bygde lina, som i første omgang fekk 10 abonnentar. Like etter kom den statlege telefondrifta inn i faste former, og i 1897 vart det bygd telefonline frå Lærdal og vestover til Sogndal, Leikanger og Balestrand. Også Eitorn vart då knytt til telefonnettet.

Omlag på same tid vart det bygd ei ekstra telegrafline mellom Oslo og Bergen i tillegg til den første som gjekk over fjellet frå Lærdal til Aurland og vidare til Bergen. Den nye lina gjekk Lærdal-Sogndal-Leikanger-Balestrand-Vik-Voss.

Telefonen i Leikanger vart automatisert på lokalnettet i 1972 og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Eitorn

fekk rikstelefon i 1897. Telefonen vart automatisert i 1963, og bygda vart knytt til fjernvalnettet i 1978.

Hermansverk

fekk eigen rikstelefonstasjon i 1920. – Sjå elles Leikanger.

I  dette huset, Pederstova, var det telefon- og telegrafsentral på Hermansverk. Ukjend fotograf. Eigar: Olav Lystrup/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I dette huset, Pederstova, var det telefon- og telegrafsentral på Hermansverk. Ukjend fotograf. Eigar: Olav Lystrup/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2011